Skulestart måndag 17. august - Vågåmo skule

1. steg skal møte i amfiet bak skulen klokka 0800. Her ønskjer rektor velkomen før elevane skal gå inn i klasserommet. Foreldre får vere med inn i klasserommet puljevis for å unngå for mange inne samstundes. Etter dette får foreldre meir informasjon frå leiinga og frå eine kontaktlæraren. Elevane i 1.klasse skal vere på skulen heile dagen, altså til 13.40. Dei som har SFO etter skulen, har plass frå fyrste skuledag. 

2.-7.klasse skal møte ved sine inngangar og blir teke i mot av kontaktlærarane sine. 

Buss:

Det skal i perioden 10. august-18. september gjerast ein del anleggsarbeid utanfor skulen der bussane stoppar og ved gjesteparkeringa. Dette er for å gjera det tryggare for elevane når dei går av bussen og inn på skuleområdet, og for å lage ei sone for foreldre som kjører/hentar elevane. Det betyr at bussane dei fyrste vekene vil koma og gå frå Halland. Det vil vere vaksne frå Vågåmo skule på plass ved Halland og ved overgangen frå Halland kvar morgon. Etter skulen vil ein vaksen frå klassa følgje elevane som skal på buss. 

All foreldrelevering og –henting, skal skje ved kulturhuset. Vi oppmodar dei som kan, til å gå eller sykle. 

Korona:

Vi skal frå skulestart kjøre etter gult nivå. Det blir fokus på hygiene, handvask og spriting og kontaktflatevask ein ekstra gong i løpet av skuledagen. Elevar som er sjuke skal ikkje koma på skulen.
Elevar som er avhengige av skuleskyss tek det som vanleg – avstandsregelen gjeld ikkje for skuleelevar på buss.

Friminutt:

På gult nivå skal elevane oppfordrast til å halde avstand mellom kohortane/gruppene jamfør smittevernrettleiaren for barneskulane. Klassane får sine områder ute dei skal vere på i friminutta. Desse områda vil rullere. 
 

Kva er gult nivå

1. Ingen sjuke skal møte på skulen

2. God hygiene og forsterka reinhald

3. Kontaktreduserande tiltak:

Unngå fysisk kontakt mellom personar (handhelsing og klemming)
Heile klasser kan ha undervisning saman
Elever bør ha faste plassar i kvart klasserom eller faste samarbeidspartnarar/-grupper
Tilsette kan veksle mellom klasser, men bør halde avstand til elevar så langt som råd
Utanfor klasserommet er elevar og tilsette oppmoda om å halde ein meter avstand i alle situasjonar
Unngå trengsel og store samlingar

 

På Utdanningsdirektoratet sine sider står det:

Skolene skal følge gult nivå i trafikklysmodellen, med mindre lokale helsemyndigheter beslutter at det skal være rødt tiltaksnivå. Ved gult nivå kan hele skoleklasser være samlet, og alle elever skal få et fulltidstilbud på skolen med ordinære skoledager. Det er ikke behov for å gjøre avvik fra opplæringsloven. Foreløpig er det ikke åpnet for at det kan gjøres lokal nedjustering til grønt tiltaksnivå.

Skoleskyss

Elever som er avhengig av skoleskyss, må få den skoleskyssen de trenger for å komme seg til og fra skolen. Elever som skal til og fra skolen skal prioriteres framfor andre reisende, og reisende oppfordres til å ta hensyn til dette.