Ny svømmehall i Vågå

Vågå svømmehall står klar frå januar 2025 og det er ønskjeleg å få til eit tilbod om ope svømmehall ein kveld i veka. 

Det er ei foreldregruppe ved Vågåmo skule som ønskjer å få til ei badevaktordning, der ein skal sitje vakt når bassenget er ope for barna.

Dette dreiar seg då om 2-3 timar per kveld, og der ein er 2 vaksne som er badevakter. Det kan bli aktuelt å motta noko lønn for innsatsen. Det vil bli tilbod om livredningskurs i basseng i løpet av desember 2024.

 

Meld frå til Anders Tessnes så fort som mogleg og innan 1. desember om du vil gjera ein innsats her. Tlf.nr 915 79445.