Gult nivå i skulane frå og med onsdag 15.desember

Vågåmo skule er attende på gult nivå som betyr at kvart klassesteg er ein kohort. Klassestega har eigne uteområde og det er ekstra reinhald av overflatar i løpet av dagen, i tillegg til god handhygiene.

Desse siste dagane før jul kjem vi til å vere litt meir restriktive enn det gult nivå tilseier for å redusere risikoen for smitte og karantene inn i julhøgtida. Vi håpar på forståing for dette. 

Aktivitetar på tvers av klassesteg er avlyst, deriblant songsamling 1.-4.klasse, morgonsamling og skulegudsteneste siste skuledag. 

Det er viktig at ingen kjem på skulen eller SFO dersom ein er sjuk eller har symptom på luftvegsinfeksjon. Ring koronatelefonen dersom du har spørsmål om testing. 

Vi ber om at færrast mogleg foreldre kjem inn i garderobane på grunn av trengsel. 
På SFO og hjå 1. og 2.steg bør ungane ordne seg sjølv med hjelp frå dei vaksne i skulen/på SFO slik at foreldre ventar ute. Har du elles behov for inn på skulen, ber vi om at du nyttar munnbind, brukar handsprit og er frisk. 

Det er ønskjeleg at elevar som tek buss, blir frakta til og frå skulen av foreldre dersom det er mogleg. 
Elevar på 7.steg som tek buss til og frå skulen, SKAL bruke munnbind.

Vi deler elevane inn i kohortar på SFO så langt vi greier med bemanning og ber difor om at de hentar elevar på SFO så tidleg de kan desse siste dagane før jul.  Dersom nokon tek fri frå SFO framover så må vi få beskjed om dette. 

For reglar om karantene og testing, sjå www.fhi.no for informasjon. 
Desse tiltaka gjeld til og med onsdag 12.januar. 

Mvh
Anita Hølmo, rektor Vågåmo skule