Eigedomsskatten blir for 2021 skreve ut i 12 terminar saman med andre kommunale avgifter.
Den allminnelege skattesatsen for skatteåret 2021 er 7 promille, jf. Esktl. § 11, første ledd. For fritidseigedommar, bustadhus og gardsbruk er skattesatsen 4 promille, jf. Esktl. § 12 bokstav a.
For utskriving av skatt på bustadeigedommar nyttar kommunen Skatteetaten sine bustadverdiar for dei bustader der dette er berekna (Esktl. § 8 C-1). Alle bustader, gardsbruk og fritidseigedommar har obligatorisk reduksjon av taksten på 30 prosent.
Klage på eigedomsskatten kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, så sant det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år.
Klagefrista er sett til 15. april 2020.
Klaga skal sendast skriftleg til:
Vågå kommune, Eigedomsskattekontoret, Edvard Storms veg 2, 2680 Vågå
eller på e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Hugs: Gje opp eigedommens gards- og bruksnummer ved klage.
Klage på boligverdi: Dersom det blir klaga på takstverdi som er fastsett etter Skatteetatens bustadverdiar, så skal klaga sendast Skatteetaten, eller eigar kan sjølv korrigere bustadverdien i skattemeldinga ved å sende inn ei endringsmelding. For meir informasjon, sjå www.skatteetaten.no/eiendomsskatt eller ring Skatteetaten på tlf. 800 80 000.
Her finn du Kommunestyrets vedtak - Eigedomsskatt 2021
Forklaring på utrekning av boligverdi finst her.
Utleggslistene finn du ved å trykke på linkane nedanfor: