I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla oppstart av reguleringsplanarbeid, og i samsvar med § 12-9 vert det varsla offentleg ettersyn av forslag til planprogram for Jetlie hytteområde, PlanID 34350007.
Det vert samtidig varsla om oppstart av utbyggingsavtale, jf. plan- og bygningslova kapittel 17. Planarbeidet vert utført av Olav Talle, org.nr. 926344838 i samarbeid med VA Prosjektering AS, på vegne av grunneigarane Johannes Sandbu (18/1), Harald Sve Bjørndal (20/1) og Odd Kåre Haugøy (22/2).
Føremålet med planarbeidet er fritidsbustader med parkering, vegtilkomst, skiløyper, stiar, friluftsområde og omsynssoner. Planområdet ligg på sørsida av Blåhøvegen, ca. 4 km opp frå Vågåmo, ca. 920 – 1000 m.o.h. Du finn også planområdet på kommunen si kartløysing under arealplaner/reguleringsplan/under arbeid. Du kan også søkje på plannavn Jetlie.
Innspel til planarbeidet kan sendast til:
Olav Talle på e-post: post@olavtalle.no, eventuelt pr. post til Olav Talle, Liavegen 49, 2953 Beitostølen.
Kopi til Vågå kommune: postmottak@vaga.kommune.no.
Høyringsfrist er 10. september 2021.
Vedlegg: