Varsel om mindre endring av gjeldande reguleringsplan for Gjendeosen - Reinsvangen

Structor varslar på vegne av Statens vegvesen Nasjonale Turistvegar oppstart av reguleringsplansarbeid. Hovudføremålet med planarbeidet er å revidere gjeldande reguleringsplan med omsyn til sikringssoner for ny grunnvassbrønn ved Gjendeosen. Det er også ønskjeleg å justere trafikkarealet for rundkøyring/snuplass ved Gjendeosen. Endring av reguleringsplan gjeld difor berre eit avgrensa område ved Gjendeosen. 

Ny plan er i hovudtrekk i samsvar med gjeldande reguleringsplan og kommuneplanens arealdel. Ny plan medfører ikkje endringar i forhold til dyrka mark eller viktige natur- eller friluftsområde, og har ikkje innehald eller konsekvensar som omfattast av forskrift om konsekvensutgreiingar.


Aktuelle endringar vil ikkje påverke gjennomføringa av andre deler av gjeldande plan. Den foreslåtte endringa av reguleringsplan for det aktuelle området, vert difor vurdert til å falle inn under andre avsnitt i § 12-14. Det betyr, etter forslagsstillaren si vurdering, at endringane kan bli handsama som ei endring med forenkla prosess, dvs. at planen vert lagt fram direkte til Formannskapet, utan full planprosess. 

Varsel om planoppstart (PDF, 114 kB)

Mindre endring - skildring av planendring (PDF, 3 MB)

Plankart (PDF, 3 MB)

 

Spørsmål eller innspel til planarbeidet kan sendast til Structor ved Harald Snippen innan 21. juli 2024

Structor Lillehammer AS, Fåberggata 116, 2615 Lillehammer

Telefon: 93243076 

E-post: harald.snippen@structor.no