Offentleg ettersyn - endring - detaljregulering for Hoskelie
Formannskapet har 3.6.2021, sak 37/21 med heimel i plan- og bygningslova §§12-10, 11 lagt ut til offentleg ettersyn forslag til planendring for detaljregulering for Hoskelie. Planområdet ligg i Sjodalen aust for fv51 og omfattar 44 eksisterande fritidsbustader. Planforslaget opnar ikkje for nye hytter.
Formålet med planendringa er å opne for vinterbrøyting til hyttene og innlegging av vatn og avløp. Planforslaget er elles oppdatert i samsvar med kommuneplanens felles føresegner for fritidsbustader og inngjerding.
Planforslaget er tilgjengelege for gjennomsyn i servicetorget på kommunehuset og forslaget til plankart er tilgjengeleg i kommunen si kartinnsynsløysing.
Planforslaget omfattar følgjande dokument som du finn nedanfor
Uttale til planforslaget kan sendast på e-post til postmottak@vaga.kommune.no eller pr. post til Vågå kommune, Edvard Stormsveg 2, 2680 Vågå.
Frist for uttale er 6. august 2021
Publisert av Sonja Tangen
Sist endret 15.06.2021 08.52