Formannskapet har 23.9.2021, sak 48/2021, med heimel i pbl §§ 12-10 jf. 12-11, lagt ut forslag til detaljregulering for Industrivegen 29, gbnr 22/182 m.fl. til offentleg ettersyn. Planforslaget vil erstatte reguleringsplan for Vågåmo Aust for samanfallande område.
Planområdet er 5,7 dekar, ligg aust for Finna og omfattar heile eller delar av følgjande eigedommar: gbnr 22 bnr 182, 183, 202, 169, 77, 152, 159. Finnkanten Eigedom AS er forslagsstillar.
Formålet med planen er å ta i bruk den tidlegare OKB-tomta, gbnr 22/182, til kombinert formål bustad/forretning/kontor. Kjøretilkomst for forretnings-/kontorformål er frå Industrivegen og for bustadformål frå Vollvegen. Planen viser gangtilkomst til framtidig bru over Finna.
Plandokumenta ligg på heimesida www.vaga.kommune.no og i kartinnsynsløysinga. Planforslaget er også tilgjengeleg for gjennomsyn i servicetorget på kommunehuset.
Føresegner (PDF, 179 kB)
Vedtak offentleg ettersyn F-sak 48/21 - 23.sept2021 (PDF, 3 MB)
Plankart
Planomtale
ROS-analyse (PDF, 372 kB)
Frist for uttale er 11. november 2021.
Uttale skal sendast på e-post til postmottak@vaga.kommune.no. Eller som brev til: Vågå kommune, Edvard Storms veg 2, 2680 Vågå.