Mindre endring - detaljreguleringsplan for Gjendeosen - Reinsvangen - godkjend
Vågå formannskap har i møte 11.02.2025, sak 4/2025, med heimel i plan- og bygningslova § 12-14 vedteke forslag til mindre endring av detaljreguleringsplan for Gjendeosen-Reinsvangen. Planendringa er utløyst av behovet for innarbeiding av sikringssoner for ny drikkevasskjelde for servicebygget på Gjendeosen. Det er elles gjort mindre endring i plankartet ved at regulert trafikkareal aust for det nye servicebygget på Gjendeosen er redusert i samsvar med dagens opparbeiding, samt at ein eksisterande turstig er vist i plankartet.
Publisert av Laila Iren Nersveen
Sist endret 20.02.2025 09.25