Melding om vedtak - plangodkjenning av detaljreguleringsplan for Lalm vassverk

Vågå kommunestyre har i møte 28.11.2024, sak 89/2024 med heimel i plan- og bygningsloven § 12-12 vedteke detaljreguleringsplan for Lalm vassverk.  Formålet med detaljreguleringsplanen er å etablere nye grunnvassbrønnar og nytt vassverk i det same området som eksisterande vassverk er etablert. Planområdet omfatte sikringssoner til drikkevasskjelda og strekk seg difor oppover lisida vest for Lalm vassverk og Sjårdalsvegen.

Planområdet omfattar heile eller delar av eigedomane gnr/bnr/fnr: 4/7, 155/1, 156/1, 156/1/2, 156/1/2, 156/1/3, 156/4, 156/7, 156/28, 156/53, 156/64, 156/65, 156/69 og 198/14 og Brekkevegen 205/1 på Lalm. Delar av Sjårdalsvegen og Øverbygdsvegen manglar matrikkelnummer og delar av Lalmsvatnet er ikkje matrikulert. Planområdet er på 275 daa.

 

Plandokument og saksprotokoll frå behandling i kommunesyret finn du nedanfor. Plandokumenta er lagt inn i kommunen si kartløysing. Plandokumenta er også tilgjengeleg for gjennomsyn i servicetorget på kommunehuset. 

 

Frist for å klage er 3 veker frå kunngjering, jf. plan- og bygningsloven § 1-9 og forvaltningslova kap. VI. Eventuell klage skal sendast til Vågå kommune, adresse Edvard Stormsveg 2, 2680 Vågå eller på e-post til postmottak@vaga.kommune.no. 

Planskildring med KU (DOCX, 10 MB)

Plankart (PDF, 981 kB)

Føresegner (PDF, 121 kB)

ROS-analyse_Lalm vassverk (PDF, 2 MB)

Saksprotokoll (PDF, 2 MB)