Melding om vedtak - plangodkjenning av detaljreguleringsplan for gnr. 66 bnr. 227, Moavegen

Vågå kommunestyre har i møte 20.06.2024 sak 47/24 vedteke detaljreguleringsplan for gnr. 66 bnr. 27 Moavegen.  Planområdet ligg i sentrum av Vågåmo. Planen har som mål å legge til rette for forretning, kontor og bustad med høg arealutnytting av eigedomen. Sjå vedlagte dokument for nærare detaljer om vedteke plan.

Plandokument og saksprotokoll frå behandling i kommunestyret finn du nedanfor.  Plandokumenta er lagt inn i kommunen si kartløysing. Plandokumenta er også tilgjengelege for gjennomsyn i servicetorget på kommunehuset. 

Frist for å klage er 3 veker frå kunngjering, jf. plan- og bygningsloven §1-9 og forvaltningslova kap. VI. Eventuell klage skal sendast til Vågå kommune, adresse Edvard Stormsveg 2, 2680 Vågå eller på e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Planskildring (PDF, 5 MB)

Plankart (PDF, 486 kB)

Føresegner (PDF, 64 kB)

ROS-analyse (PDF, 771 kB)

VAO Rammeplan (PDF, 4 MB)

Saksprotokoll (PDF, 362 kB)