Kunngjering av planoppstart for detaljregulering av Grasdokken gnr. 154 bnr. 13 mfl.

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 blir det varsla igangsetting av privat detaljregulering for del av eigedom gnr. 154/13 mfl. i Vågå kommune. Forslagsstiller for planarbeidet er Vaage AS. OSE AS er plankonsulent for planarbeidet.

Planområdet ligg på Bringen, aust for Melingen, omlag 4 km frå Lalm. Målet med planarbeidet er å legge til rette for fritidsbustader med nødvendige funksjonar, sikre vegtilkomst til hytteområde og regulere inn restrikssjonssone for drikkevatn. Planområdet er på omlag 241 daa der omlag 160 daa vil bli regulert for LNFR-område med sikringssone for drikkevatn.

Det er vurdert til at reguleringsplanen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.

 

Plangrense for Grasdokken med utgangspunkt i kommuneplanens arealdel 2017-2027 (PDF, 2 MB)

Plangrense for Grasdokken med utgangspunkt i flyfoto (PDF, 2 MB)

Varsel om planoppstart (PDF, 219 kB)

Referat frå oppstartsmøte gnr- 154 bnr. 13 mfl. (PDF, 702 kB)

 

Inspel/merknad til varsel om planoppstart sendast OSE AS på e-post plan@oseing.no eller OSE AS Vikesøyrane 7 6150 Ørsta

 

Høyringsfrist er 23.05.2024.