Nyttig møte med Innovasjon Norge i førre digitale næringskaffe

I aprilutgåva av digital næringskaffe hadde vi besøk av Christina Seegaard frå Innovasjon Norge.

I sin presentasjon hadde ho hovudfokus på dei regionale distriktsmidla og kva det er moglegheit å søkje på. Ho gav oss gode eksemplar frå bedrifter som har fått stønad. 

Heile presentasjonen kan du sjå her:Digital Næringskaffe - Presentasjon Innovasjon Norge (PDF, 2 MB)

Den 23.05 er det klart for ein ny digital næringskaffe. Temaet for dette møtet er utvikling og vekst i etablerte bedrifter.

Meir informasjon om dette møtet finn du på https://www.facebook.com/events/1078683729892862/?ref=newsfeed