Oppdatering fredag 20.03.20
Frå sentrale myndigheiter er det nå lagt ned forbod mot å opphalde seg på fritidseigedom i anna kommune enn der vedkomande er folkeregistrert.
Sjå forskrifta her.
Vågå kommune har ikkje høve til å gje dispensasjon frå forskrifta. Vi oppfordrar derfor om at hyttebebuarane ikkje tek kontakt med kommunen for å krevje unnatak.
Oppdatering torsdag 19.03.20
Koordinator på helsesenteret kan gje gode råd og svare på spørsmål om koronaviruset. Du kan kontakte korona-koordinator ved å ringe eller sende sms på telefon 95 25 39 90. Opningstida blir endra på grunn av mindre pågang frå fredag 20.03.20 til kl. 08.00-15.00 på kvardagar og kl. 10.00-16.00 på helg.
Apotek 1 i Vågå er stengt inntil vidare grunna mangel på personell. Apoteket i Lom og Sel er ope og de kan hente ut medisinar der. Dersom det er nokon som ikkje kan få henta medisinar så ta kontakt med servicetorget på telefon 61 29 36 00.
Oppdatering onsdag 18.03.20
Kommunen har sendt ut ein førespurnad om tilgjengelig helsepersonell som arbeider med andre oppgåver i dag. Heile 13 frivillige har registrert seg. Kommuneleiinga set utruleg stor pris på at helsepersonell tek kontakt, men vi treng enda fleire "varme hender" så det er berre å ta kontakt.
Omsorgstilbod ved stengt skule/sfo og barnehage gjeld for dei som arbeider i helse- og omsorgstenesta, transportsektoren eller andre kritiske samfunnsfunksjoner, og barn med særlige omsorgsbehov (nytt).
Oppdatering tysdag 17.03.20
Vågå kommune er over i ei fase der vi testar meir målretta. Det vil fortrinnsvis vere helsepersonell og andre i vitale samfunnsfunksjonar som blir testa. Det er framleis berre ein som er påvist Covid-19 smitta.
Helsesenteret driver som vanleg, men resepsjonen er ekstremt belasta med telefonar. Koronarelaterte spørsmål må gå til korona-koordinatoren på tlf 95 25 39 90.
Vi ber alle som må vere heime på grunn av luftvegsinfeksjonar om å nytte eigenmelding i størst mogleg utstrekning. For tilsette i Vågå kommune vil dei kunne nytte eigenmelding i inntil 16 dagar. Spørsmål om sjukemelding må rettast til fastlegen.
Oppdatering måndag 16.03.20
Vågå kommune har nå stengt Frivilligsentralen, dagsenteret og biblioteket for besøkjande. Ta kontakt med servicetorget på telefon 61 29 36 00 for å bli sett vidare.
Folkehelseinstituttet kom med ei presisering på kven som skal halde seg heime frå jobb. Vi ber deg lesa artikkelen.
Matombringing til brukarar med enkeltvedtak, frå Frivilligsentralen, vil halde fram som normalt. I tillegg har også Coop Mega Vågå starta med utkøyring av varer til kundane. Bestilling via epost vaagaa.mega@coop.no eller på telefon 99 21 16 88 / 99 21 16 89.
Omsorgsbehov ved stengt skule/sfo og barnehage, oppdatering av "samfunnskritiske funksjonar"
Skule/SFO og barnehagane er stengt frå 13. mars til 26. mars.
1.-4. klasse/SFO/barnehagen vil ha eit omsorgs- og tilsynstilbod for barn/elevar av foreldre i 15 definerte kritiske samfunnsfunksjonar:
· Styring og kriseleiing
· Forsvar
· Lov og orden
· Helse og omsorg
· Redningsteneste
· IKT-sikkerheit i sivil sektor
· Natur og miljø
· Forsyningssikkerheit
- sjåførar
- lagerarbeidarar
- tilsette ved distribunaler og lagre
- tilsette ved drivstoffterminalar og drivstoffanlegg
- tilsette i forindustrien
- personar som arbeider med husdyrproduksjon, fiskeri og havbruk
- veterinærar som arbeider med husdyrproduksjon, fiskeri og havbruk
- tilsette i næringsmiddelindustrien
- butikk- og bensinstasjonstilsette
· Vatn og avløp
· Finansielle tenester
· Kraftforsyning
· Elektroniske kommunikasjonstenester
· Transport
· Satelittbaserte tenester
· Apoteka
Dette tilbodet gjeld berre der mor/far er eineforsørgar og arbeider innan eitt av yrka, eller der båe foreldra har eitt av yrka.
Vi ber om at føresette fyrst prøver å finna andre moglegheiter, da målet med stenging er å hindre smitte og at det det difor bør vera minimalt med barn samla. Det er likevel viktig å ta omsyn til at besteforeldre i risikogruppe ikkje skal brukast til barnepass.
Dei som likevel må ha eit tilbod i skule/barnehage, tek snarast kontakt med rektor/styrar på telefon:
Lalm skule, Tor-Even Vågheim 99589612
Vågåmo skule, Dag Nyøygard 95057283
Lalm barnehage, Siv Kristin Paulsen 95281106
Søre-Grindstugu barnehage, Jorunn Linderud 97605695
Trudelutten barnehage, Åsta Røhr Kleiven 96048740
Tytingen natur og gardsbarnehage, Evy Kveen 99644987