Vågå prioriterer å opne opp att skulen for 5.-10. trinn i løpet av veke 20. Kulturskulen vil også opne delvis opp i veke 20. Foreldre vil få direkte informasjon frå skulane.
Kommunen vil som utgangspunkt følgje dei nasjonale føringane for opning vidare og vil orientere på heimesida fortløpande.
Vågåheimen følgjer Folkehelseinstituttet sine regler, og vil legge til rette for besøk av pårørande. Fysiske besøk må avklarast med Vågåheimen i forkant, og smittevern-råda må følgjast.
Pårørande som har luftvegssymptom eller er mistenkt for eller er bekrefta med covid-19, skal ikkje kome på besøk.
Besøket skal fortrinnsvis skje ute med ein meters avstand, og følgje vanlige prosedyrar for hygiene.
Pårørande kan ringe Vågåheimen og avtale møte med avdelinga. Telefonnummer 48025789.
Kommuneleiinga, NAV og kommunelegen vil gjennomføre eit nytt møte knytt til koronasituasjon for innbyggjarane tysdag 12.05.20 kl. 15.30 på Vågå kommune sin facebook-side. Send gjerne inn spørsmål på førehand, send e-post til irene.gundersen@vaga.kommune.no. Spørsmåla blir anonymisert.