Vågåheimen er stengt for besøkjande frå 09.11.2020. Det kan vera mogleg med unnatak ved særskilte tilfelle, men dette må avtalast med Vågåheimen.
I våre bufellesskap vil vi ikkje ta imot besøkjande på fellesareala. Alt besøk skal gå føre seg i den enkelte si leilegheit.
Pasientar og brukarar som deltek på aktivitetar blir delt i kohortar og det vil elles bli skjerpa smitteverntiltak både i aktiviteten og ved transport til og frå.
Tilsette som har vore på besøk i "raude" delar av Noreg, eller har hatt besøk av personar frå desse område skal bruke smittevernutstyr ved all pasientpleie. Det skjer i samråd med leiar.
Vi held fram med koronatelefonen på kvardagar mellom 08.00-20.00.
Endringar eller etablering av nye smitteverntiltak vil kunne skje fortløpande og vi ber alle å halde seg oppdaterte på Vågå kommune sine heimesider, og FHI sine nettsider.