Covid-situasjonen og vaksinasjonsstatus

Vågå har ingen positive tester og ingen i karantene pr. 17.06.21.

Vi har samarbeid med Sel om testing og koronatelefon. Dette samarbeidet vil fortsette utover sommeren.

I veke 25 har Sel ansvar for både testing og koronatelefon, i veke 26 er det Vågå som har dette ansvaret.

Koronatelefonen i Vågå er 95 25 39 90 og i Sel er telefonnummeret 46 90 83 42. Telefonen vil vera betjent mellom kl. 09.00-15.00 medan testing vil gå føre seg mellom 09.30-13.00. Testing foregår etter avtale med koronatelefonen.

Vår plan for vaksinering i sommer:

Vi sett 2. dose kvar veke. Dei som har fått dato for 2. dose, må kome på den dato dei fekk ved 1. dose. Dette er viktig.

1.dose blir planlagt annakvar veke i veker med partall. Det er utfordrande å få tak i nok personale kvar veke. Difor planlegg vi for annakvar veke med større antall vaksinedoser.

Følg med på telefonen din, du vil få sms ang. timeavtale for vaksine. Hugs å melde frå om du slettes ikkje kan kome. Det skal vera ein god grunn for dette. Ferie er ikkje god nok grunn.

Vi fekk totalt 156 doser Pfeizer vaksine denne veka.

83 doser til 1. dose

73 doser til 2. dose.

Vaksineringsstatus:

Antal doser satt totalt

2 397 doser

Tal personar med minst 1 dose

1515

Tal fullvaksinerte

882

Plan for vaksinasjon denne veke

Comirnaty/Pfizer: Totalt 156 doser.

 

I følge  prioriteringslista frå FHI er vi på trinn 5-8. Alder 55-64 år. Samtidig personar mellom 18 og 64 år med sjukdom/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp i listen over risikogrupper.  

Prioritet på vaksine denne veke (gruppe)

Tilbyr vaksine til personar i aldersgruppa 55-64 år Trinn 5-8 i prioriteringslista frå FHI.  Dei eldste blir prioritert fyrst, saman med dei i alle aldre  med sjukdom/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp. Vi er ferdig med årskull 1964.

Plan for vaksinasjon veke 25

2. dose

Plan for vaksinasjon  veke 26

Vi fortsett i trinn 5-8. 100 personar skal ha 2. dose. Personar født i 1965 og yngre blir kontakta. For 1. dose. Dette ettersom kor mykje doser vi får. Samtidig blir personar mellom 18 og 64 år med sjukdom/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp i listen over risikogrupper prioritert.  

Det meldes om at vi får færre vaksinedoser enn fyrst forespeila. Antall vaksinedoser vi får veit vi ikkje før ei veke før. Vi vil vaksinere i heile sommer. Vi  planlegg for vaksinering annakvar veke, i veker med partal. Døkk som har fått dato for 2. dose, forheld døkk til den datoen uansett veketal. Vi reknar med at vi får større volum av vaksiner framover og ser at vi ikkje klarer å ringe rundt til alle. Døkk som får tilbod om vaksine vil da få ein sms med timeavtale til vaksinering. Hugs å ringe helsesenteret (tlf. 61293700) om timen slett ikkje passer. Alle må tilstrebe så langt som råd å ta imot tidspunkt til vaksineringa dei har fått. Dersom du er sjuk hugs å gje oss beskjed om dette.  Ferie er ikkje god nok grunn til å utsette vaksineringa. Da vil du kome lenger bak i køen. Dette er veldig viktig for at vi skal få brukt alle vaksinene etter oppsatt plan.

Koronavaksinasjonen vil foregå på Vågåhallen, onsdagar.

I forkant av vaksinasjonen skal du fylle ut eit eigenerklæringsskjema. På Vågå kommune si heimeside ligg det ein link til dette skjemaet.

Treng du bistand til å fylle ut skjema eller treng du skyss til vaksinasjonsstedet så meld frå om dette.

Navn på vaksina: Pfizer/Comirnaty.

Er det nokon som ikkje har fått tilbod om vaksine som er 57 år eller eldre så gje oss beskjed. Da vil du bli prioritert for vaksine.  Personar mellom 18 og 64 år med sjukdom/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp i listen over risikogrupper vil bli prioritert. 

Sjå link ang. Prioriteringsrekkefølga frå fhi.no:

https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/hvem-kan-fa-koronavaksine/

Hugs at alle vil bli kontakta for vaksinering når det er din tur. Du treng ikkje ringe for å høre når du får vaksine, vi ringer deg eller sender deg sms. Så er du i gruppa 5-8 følg med på telefonen din.

Frå veke 26 vaksinere vi alle som skal ha 1. dose annakvar veke.

Info ang.  koronasertifikat:

Koronasertifikatet skal bidra til ei gjenopning av samfunnet. Løsning for sertifikatet vil  utviklast trinnvis. Koronasertifikatet for innenlands bruk er planlagt klart frå 11/6.

Du kan lese meir om koronasertifikatet her: https://www.helsenorge.no/koronasertifikat/