Covid-oppdatering 10.09.21

Frå i morgon har Vågå kommune berre ein person i isolasjon og det er ingen nye smitta. Alle skular og barnehagar går over til "grønt nivå" frå måndag. 

Vi sette totalt 83 koronavaksinar på ungdomsskulen i dag (to av desse var lærarar).

Vågå kommune planlegg for vaksinasjon for 7. steg neste veke. Alle må vera fylt 12 år.

Vågå kommune hadde informasjonsmøte om koronasituasjonen og vaksineringsstatus i går. Det vart sendt på Facebook si løysing og link til denne finn du her: https://www.facebook.com/vagakommune/videos/666915810947028