Covid-19 smitteutbrot i Vågå

Vågå kommune har fått eit utbrot, hittil har vi 11 smitta personar primært knytt til eit arrangement i Sjårdalen laurdag 20.11.21. Arrangøren har oversikt over namn og telefonnummer på alle som var der og dei blir bedne om å testa seg.

Pr. nå kjenner vi til at nokon av dei smitta har vore på følgjande arrangement og vi oppfordrar andre som deltok her om å testa seg:

23.11.21:       Vågå hotell; arrangement for Hørselshemma og for Fagforbundet

27.-28.11.21: Fotoutstilling og julemarknad i Ullinsvin

Alle som har vore på andre større arrangement i løpet av helga bør også teste seg.

Vi ber om at innbyggjarane er fornuftige og følgjer smittevernråda framover. Målet er å avgrensa vidare smittespreiing inn mot julehøgtida.

Du kan hente sjølvtest på helsesenteret. Du er ikkje i karantene dersom du får negativt svar på hurtigtest og du ikkje har symptom, men vær likevel varsam.  

Vi blir anbefalt å bruke munnbind i nærkontakt med helse- og omsorgstenester, i kollektiv trafikken, butikkar, taxi og i alle situasjonar der du ikkje kan halde nødvendig avstand.

Vågå kommune oppfordrar alle til å vaksinere seg!