Covid-19 oppdatering 14.01.2022

Vågå kommune er kjent med to smitta pr. i dag.

Smittesituasjonen tilseier at skule og barnehagar i Vågå kan justere drifta til grønt nivå frå måndag. Tiltaksnivået blir løpande vurdert. Utdanningsdirektoratet har oppsummert det FHI no veit om smitte og smitterisiko i barnehage og skule. Den viser at barnehagar og skular er trygge stader å vere, også når smittetala er høge: 

  • vaksinen gjev veldig god beskyttelse mot alvorleg sjukdom
  • det er ikkje vesentleg meir smitte blant tilsette i barnehagar og skuler, enn blant andre vaksne
  • barn og unge blir sjeldan alvorleg sjuke av korona
  • jamnleg  testing er eit effektivt smitteverntiltak 

Barn og unge under 20 år kan ha organiserte fritidsaktivitetar (kultur/idrett) innandørs med eit maks tal på 20, også med deltakarar frå ulike stader.

Utandørs er det ingen begrensingar på korkje antal eller avstand. Kampar,  turneringar, førestillingar og konsertar kan gjennomførast utandørs med barn frå ulike stader.

Fritidsaktivitetar for vaksne kan gjennomførast utan begrensingar  utandørs, medan det innandørs er eit maks tal på 20 og 1 meter avstand. Ved intensiv trening bør det tilretteleggast for 2 meters avstand.

Ved arrangement kan det  vere 200 personar med faste tilviste plassar innadørs. Utan faste tilviste plassar innandørs kan det vere 30 personar.

Utandørs kan det vere 200 personar utan faste tilviste plassar.

Skjenking til kl. 23.00:

Det er opna opp for servering av alkohol, men med skjenkestopp kl. 23.00. Servering av alkohol skal skje ved borda.

Elles  oppmodar vi  til bruk av munnbind i butikkar o.a. der det ikkje er mogleg å halde avstand.

 

Vi presiserer nye karantenereglar gjeldande f.o.m. i dag:

§ 4i. Krav om smittekarantene for husstandsmedlemmer og tilsvarende nære

Personer som har hatt nærkontakt, jf. § 3 første ledd, med en person som er bekreftet smittet av SARS-CoV-2 mindre enn 48 timer før den smittede fikk de første symptomer på smitte, eller fra prøvetidspunktet dersom personen ikke utviklet symptomer, og som er husstandsmedlem eller tilsvarende nær den smittede, skal i smittekarantene i 10 døgn etter siste nærkontakt.

Øvrige nærkontakter har ikke karanteneplikt, men anbefales å teste seg 3 dager etter nærkontakt, og ny test 2 dager senere (dag 5). Vær ekstra oppmerksom på symptomer i 10 dager. Ved symptomer: Bli hjemme og test deg. 

Vaksinering:

190 møtte opp til vaksinering i går, noko som var færre enn vi håpa på. Vågå kommune treng at mange møter opp på siste massevaksinering 28.01.22.