Synfaring er ein del av arbeidet med gjennomføring av ny reguleringsplan for Vågåmo. Multiconsult ønskjer å sjå på område for m.a. å vurdere verdiar, mogleg påverknad og synbarheit av sikringstiltak.
Multiconsult planlegg at det skal vere med 3-4 personar på synfaringa, som vil gå rundt i terrenget og observere. Dei ønskjer å ta bilete av omrdåe, inkludert bygg og bustader.
Områda som er merkt med raudt på det avbilda kartet nedanfor, er områda som er av interesse, og det er desse områda Multiconsult ønskjer tilgang til.
Vågå kommune håpar at dette er i orden, og om nokon har spørsmål til synfaringa, eller om det er noko anna Vågå kommune kan bistå med inn mot dette, er det berre å ta kontakt.
Kart over aktuelle område for synfaring 29.4.24
Vågå kommune