Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for sikring av Vågåmo mot flaum og flaumskred. Det blir også lagt opp til å innarbeide overordna føringar for sentrumsutvikling med bakgrunn i stadutviklingsprosjekt masterplan for Vågåmo. Planområdet omfattar Vågåmo, delar av Finna og Nugga og delar av Vågåvatnet og Ottaelva.
Innspel og merknader kan sendast til Vågå kommune, Edv. Stormsveg 2, 2680 Vågå eller postmottak@vaga.kommune.no. Vågå kommune ber om at innspel har fokus på flaumsikringstiltaka og ev. overordna sentrumsutvikling.
Plandokument:
Frist for innspel er 8. september 2023
Varsel om oppstart av planarbeid og forslag til planprogram er også tilgjengeleg for gjennomsyn i servicetorget på Vågå kommunehus.
Vågå kommune og NVE inviterer til:
Open kontordag 28. august kl. 12.00-16.00, Vågå kulturhus
Her vil det vere mogleg å snakke med Vågå kommune og NVE
Ope informasjonsmøte 28. august kl. 18.00-20.00, Vågå kulturhus
Her vil det bli gjeve informasjon frå NVE og Vågå kommune. Møtet er ope for alle.
Vågå kommune sin konsulent, Norconsult, vil også vere til stades på open kontordag og ope møte.
Avgrensing av planområdet er vist med stipla line på kart nedanfor.
Plangrense for områdeplan Vågåmo
Vågå kommune
Andre relevante bakgrunnsdokument for planarbeidet er: