Tilkallingsvikarar til Helse og Omsorg

I tenesteområdet Helse- og omsorg ligg avdelingane Heimetenesta og Vågåheimen. Heimetenesta omfattar heimesjukepleie, praktisk og personleg bistand så som heimehjelp, brukarstyrt personleg assistanse (BPA), personleg assistanse (PA) og støttekontakt. I tillegg har tenesta ansvar for dagtilbod for heimebuande utanfor institusjon. Ved Vågåheimen er det korttidsplassar, langtidsplassar, demensomsorg og aktivitetssenter. I tillegg har vi kjøkken-/kantinedrift og vaskeri.

I tenestene har vi stort fokus på fagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet, med byggjeprosjekt ved Vågåheimen, auka fokus på velferdsteknologiske løysningar, fagleg utvikling og kompetanseheving til våre tilsette. Vi har stort fokus på å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad. Vi har ei god fagleg blanding av tilsette, både i alder og profesjon.

Til tenesteområdet Helse- og omsorg søkjer vi nå deg som ønskjer å bli tilkallingsvikar hjå oss.

Vi treng tilkallingsvikarar til dei fleste oppgåver og vakter; dag, kveld og natt. Opplæring vil bli gjeve.

Har du dei rette personlege eigenskapane og motivasjonen, ønskjer vi ein søknad frå deg! Ingen krav til formell utdanning.

Ønskje om snarleg oppstart.

Arbeidet går i turnus med arbeidstid på dagtid, kveld og natt, i vekedagar og på helg. Vaktlengde varierar etter behov.

 

Kvalifikasjonar

·                 Autorisasjon som sjukepleiar/ fagbrev som helsefagarbeidar, hjelpepleiar, omsorgsarbeidar eller ambulansefagarbeidar er ønskjeleg, men ikkje eit krav

·                 Relevant erfaring er ynskjeleg, men ikkje eit krav

·                 Gode norskkunnskap munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1)

·                 Førarkort klasse B- manuell er ynskjeleg, men ikkje eit krav

·                 Gjennomgått kurs i medisinhandtering er ein fordel

·                 God fagleg innsikt og tryggheit er ein fordel

·                 Det vert krevd politiattest ved tilsetjing


Eigenskapane dine:

·                 Evne til å vise og gje omsorg

·                 Bidragsytar ifht til å skape eit godt og inkluderande arbeidsmiljø

·                 Ansvarsbevisst, strukturert, lojal og evne til å arbeide sjølvstendig

·                 Kreativ, nytenkjande og fleksibel

·                 Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner.

·                 Initiativrik og søkjer å finna gode løysingar til det beste for fellesskapet.

·                 Personleg eignaheit vil bli vektlagt

 

Vi tilbyr:

·                 Opplæring ut frå aktuelle arbeidsoppgåver

·                 Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling.

·                 Arbeid i tverrfagleg team.

·                 Kompetanseheving og fagleg utvikling.

·                 Eit godt fagmiljø og gode, rutinerte kollegaer.

 

Søknadsfrist: Løpande opptak

 

Ved spørsmål, ta kontakt med:

Avdelingsleiar Vågåheimen Mariann Rosten, mariann.rosten@vaga.kommune.no , tlf 482 20 683

Avdelingsleiar Heimetenesta Pia Katrine N. Søberg,  Pia.Soberg@vaga.kommune.no , tlf 461 96 741

Tenesteleiar Hanne Stokke Moen, hanne.stokke.moen@vaga.kommune.no , tlf 948 65 287

 

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som vedlegg til elektronisk skjema eller som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand. 

 

Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel med bil som med tog eller buss. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.

 Vi meiner at det er viktig å ha ein god balanse mellom jobb og fritid - med ei passe mengde arbeidsoppgåver. Er du glad i friluftsliv kan du kople av  i både skog og fjell: det finst gode fiske- og jaktmoglegheiter. Den rurale bygda har i tillegg fleire idrettslag med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter, og byr også på meir urbane tilbod som kulturhus, kino og galleri. 

 

Kontakt

Mariann Rosten
Avdelingsleiar Vågåheimen
Mobil 482 20 683
Pia Katrine Søberg
Avdelingsleiar Heimetenesta
Mobil 970 52 651
Hanne Stokke Moen
Tenesteleiar helse og omsorg
Mobil 948 65 287