Grøntanlegg på kommunale eigedommer:
Arbeidsoppgåver: Generelt vedlikehald av grøntareal rundt om på kommunale eigedommar. Andre enkle arbeidsoppgåver kan og vere aktuelt. Dette blir tilpassa kvar enkelt ungdom med utgangspunkt i erfaring og kunnskap.
Kyrkjegarden:
Arbeidsoppgåver: Stell av kyrkjegarden gjennom sommaren.
Nærare opplysningar blir gjeve av tenesteleiar Steinar Løkken, tlf. 4500 5420, eller steinar.lokken@vaga.kommune.no
Reinhald:
Arbeidsoppgåver: Delta i reinhaldsarbeid på kommunale bygg. Arbeidsperiode: 23.06.23 – 15.08.23
Nærare opplysningar blir gjeve av leder for reinhaldsgruppa Tea Myrum, tlf.: 904 01 350
For alle stillingane:
Vi ber deg varsle i søknaden dersom du ikkje er ledig for arbeid i heile perioden. Skriv også kvar du ønskjer å arbeide. Eventuell relevant praksis skal opplysast i søknad.
Søknadsfrist: 01.04.25
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.