100% fast stilling som Miljøterapeut i Miljøterapitenesta

I Miljøterapitenesta arbeider vi for menneske med fysisk og psykisk utviklingshemming. Vi arbeider med målretta miljøarbeid for at dei skal oppleve meistring i daglege gjeremål og aktivitetar. Vi skal ha eit høgt fagleg fokus, og arbeide for å gjera kvarandre gode. Dette er dei viktigaste verkemidla vi har for å sikre ei langsiktig, fagleg og god teneste for tenestemottakarane våre. Konkrete oppgåver er miljøarbeid, praktisk bistand, aktivisering, rettleiing og fagansvar.

Hjå oss vil du arbeide i team med fokus på kvalitet, tilrettelegging, planlegging og gjennomføring av målretta miljøterapeutisk arbeid i tråd med gjeldande lovverk. Oppgåvene dine vil vera tett knytt opp mot teamet for å bidra til at brukarane opplev ein heilskapleg og føresjåeleg kvardag med trygge rammer. Stillinga forutset at du kan ta fagansvar kring brukarane. Dette kan endrast om det blir tilsett fagarbeidar i stillinga.

Vi søkjer deg med rett innstilling og haldningar til det viktige arbeidet som skal gjerast. Vi kan tilby ein variert arbeidskvardag med stort fokus på kvalitet i arbeidet, godt arbeidsmiljø med ulike kollegaer i ulike aldrar, og eit sterkt tverrfagleg samarbeid.

Arbeidet går føre seg i turnus på dag og kveld, med arbeid i vekedagar og kvar 4. helg.

Vi har ei 100% fast stilling. 


Kvalifikasjonane dine:

  • 3- årlig relevant høgskuleutdanning er ein fordel
  • Kandidatar med autorisasjon som helsefagarbeidar, hjelpepleiar, omsorgsarbeidar kan også bli vurdert og oppmodast dermed til å søkje.
  • Førarkort klasse B for manuell girkasse

 

 

Det er ein fordel om du innehar:

  • kompetanse og/eller erfaring frå miljøterapeutisk arbeid.
  • kunnskap om og erfaring med relevant regelverk; HOL Kap9, TPHV, PBRL 4a og liknande
  • erfaring frå arbeid med menneske i krevjande fasar i livet
  • komplementære ferdigheiter innan friluftsliv, idrett, musikk, handverk etc.


Eigenskapane dine:

  • Fagleg engasjert, med gode evner til å integrere daglegdagse gjeremål i miljøbehandlinga.
  • Ansvarsbevisst.
  • Kreativ og endringsviljug, samt lojal mot planar.
  • Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner.
  • Gode norskkunnskap munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1)
  • Initiativrik og søkjer å finna gode løysingar saman med det tverrfaglege arbeidsmiljøet.

Personleg eigenheit vil bli tillagd avgjerande vekt.

Det vert kravd politiattest ved tilsetjing.

 

Vi tilbyr:

  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling.
  • Arbeid i tverrfagleg team.
  • Kompetanseheving.
  • Eit godt fagmiljø og gode kollegaer.
     
    Utvida søknadsfrist: 16.03.2025 

    Ved spørsmål, ta kontakt med avdelingsleiar Tone Ødegård, tlf. 41500443 

    Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no. 
     

 Stillingsstorleik og antal stillingar kan endre seg ved interne omrokkeringar og endring i behov.

Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.

Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn. 

Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand. 
 

 

Kontakt

Tone Ødegård
Avdelingsleiar Finntunet og Eksismoen
Mobil 415 00 443