Vil du bli jordskiftedommar ved Vestre Innlandet jordskifterett?

Om stillinga

Det er ledig eit embete som jordskiftedommar ved Vestre Innlandet jordskifterett. Tiltreding etter nærmare avtale. Domstolen er lokalisert på rettsstadene Lillehammer, Fagernes og Vågåmo.

Kontorstaden for jordskiftedommaren vil være på Vågåmo, og samlokalisering med tingretten vert planlagt i løpet av 2023. Det er per i dag ikkje tilsett teknisk utgreiar eller saksbehandlar ved rettsstaden i Vågåmo, og slik bistand vil inntil vidare skje frå domstolens medarbeidarar på Fagernes og Lillehammer. Det må påreknast å administrere saker i heile jordskiftesoknet.

Fleire opplysningar og søknadsskjema til stillinga finn du her: jobbnorge.no 

Ytterlegare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Innstillingsrådet for dommarar v/sorenskrivar Arnfinn Agnalt, tlf. 69 79 77 00
  • Domstoladministrasjonen v/avd.direktør Solveig Moen, tlf. 73 56 70 00
  • Vestre Innlandet jordskifterett v/jordskifterettsleiar Britt Rusten, tlf. 61 99 15 00/90 96 23 84

Meir informasjon om domstolane finn du på www.domstol.no.

Dersom det kjem fram av søknaden din at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på at opplysningar om søkjar likevel kan gjerast offentleg, jf. Offentleglova § 25.

Ved å søkje på stillingar i www.jobbnorge.no samtykkjer du til at vi kan handsame personvernopplysningar om deg. Opplysningane vil berre bli brukte i rekrutteringssamanheng. Personopplysningane dine vil ikkje bli lagra lenger enn naudsynt.

Vi ber om at du legg søknad med CV, vitnemål og attestar inn i det elektroniske søknadsskjemaet på ”Søk denne stilling”. Alle attestar og vitnemål skal leggjast ved samla i eit vedlegg. Vi ber om at du skriv i søknaden kvar du først såg utlysinga.

Søknadsfrist: 20. oktober 2021