Viktig info om nytt kommunenummer ift matrikkel og grunnbok frå nyttår

1. januar 2020 blir Hedmark og Oppland slått saman til "Innlandet". Alle kommunar får då nye kommunenummer. Det nye kommunenummeret for Vågå blir 3435 (det gamle er 0515).

Ved overgangen til nytt kommunenummer blir det av tekniske årsakar gjort følgjande i forkant:

  • Matrikkelen blir stengt fredag 13. demsember kl 18.00
  • Grunnboka blir stengt fredag 27. desember kl 20.00

For å vere sikre på at endringar på ein eigedom blir registrert, vil kommunen i størst mogleg grad måtte ferdigbehandle alle sakar som skal sendast til tinglysing innan 29. november.

Vågå kommune ber alle som planlegg overdraging av eigedom i løpet av 2019 å merke seg dette.

Meir informasjon finn du på kartverket sine sider

Anbefaling frå kartverket

Informasjonsbrev frå Statens kartverk