Stillingane er fordelte på faste- og sesongstillingar samt læreplassar.

Det er viktig at det lokale næringslivet legg til rette for lærebedrifter. At ungdommen kan ta si læretid i regionen, kan leggje eit grunnlag for å få fleire til å flytte til Nord-Gudbrandsdalen, og bidra med utvikling og tilvekst som er naudsynt for distrikta.
Det er Interkommunalt politisk råd Nord-Gudbrandsdalen som er ansvarleg for arrangementet, i godt samarbeid med den vidaregåande skulen, opplæringskontora i Gudbrandsdalen, karriere Innlandet Gudbrandsdal og NAV. I tillegg til stillings- og lærlingesleppet var det også jobbmesse med 32 lokale bedrifter som hadde stand. Nytt av året var at vi fekk kopla på universitetsturneen, som kom med 9 universitet og folkehøgskular.

«Eg har tru eg no. Var ikkje klar over alle moglegheitene som vi har her heime», var det ein VG3-elev som sa då han gjekk ut etter forelesinga med næringssjef Live Brimi frå Vågå. Distriktet vårt har store valmoglegheiter og ikkje berre det tradisjonelle arbeidslivet.
Ledige stillingar og læreplassar finn du på www.komtiloss.no
Kontaktperson: Stian Høglien, tlf. 98833723, e-post: stian.hoglien@regionkontoret.no
Sjå fleire bildar frå arrangementet
(alle foto: Smelt Media)




