Varsel om arkeologiske registreringar

Som del av planarbeidet med områdereguleringsplan for Vågåmo, som må på plass som grunnlag for å gjere tiltak knytt til flaumsikringsprosjektet, er det krav om gjennomføring av arkelogiske undersøkingar.

Innlandet fylkeskommune skriv til Vågå kommune at det er ønskjeleg å gjennomføre undersøkingar og kartlegging så raskt som råd, slik at det ikkje går ut over framdrift korkje i planarbeid eller flaumsikringsprosjekt. Dei skisserer oppstart allereie i veke 43. Om dette ikkje let seg gjennomføre i haust, må det gjerast til våren før våronna startar.

Vågå kommune har sendt ut brev til alle grunneigarar (PDF, 291 kB) som blir direkte berørt i form av kartlegging på dyrka mark og beite-/innmark.

I brevet ber Vågå kommune om samtykke til gjennomføring av undersøkingar, og at dei som får varsel svarar på dette innan 23. oktober.

Det vil også bli gjennomført overflateregistreringar i utmarksområde innafor plangrensa. Dette medfører at du kan støyte på, eller sjå, personar som “rek rundt” i utmarksområde no i haust.

Kontakt

Ingunn Moen Helland
Plan- og miljøvernrådgjevar
Mobil 909 90 488
Per-Ivar Weydahl
Landbrukssjef Vågå og Sel
Mobil 920 41 410

Landbrukssjef for felles landbrukskontor for Vågå og Sel. Er også beredskapskoordinator i Vågå kommune.