Våren kjem - sjekk stikkrenner

Værmeldinga viser at det vil kome mildare vær framover, og snøsmeltinga vil ta til.

Vi oppmodar difor alle grunneigarar om å sjekke inn- og utløp på stikkrenner, sjekke grøfter og veite slik at vatn ikkje øydelegg vediar på tilstøytande eigedom og vegar.

Vi minner om det objektive ansvaret kvar grunneigar har for å hindre at overflatevatn øydelegg verdiar hos grannar som ligg lågare i terrenget. Dette gjeld også stikkrenner under avkøyringar frå offentleg veg.

Eit objektivt ansvar vil seie at eigaren av eigedomen der problemet oppstår også vil vere erstatningspliktige på dei skadane vatnet påfører nedanfor sin eigedom, mellom anna vegen avkøyringa munnar ut i.