Vågå kommune er med i prosjektet "Berekraftig sameksistens mellom sau og jerv i utmark" saman med kommunane Lesja, Dovre, Skjåk og Lom. På grunn av omorgansiering blir det no søkt etter leiar, nestleiar og annna mannskap i alle kommunane. Det er ikkje ei fast tilsetting, men medlem av skadefellingslag signerer ei tidsbestemt oppdragasavtale. Tidlegare medlem blir oppfordra til å søkje. Kvar kommune skal ha sitt eige skadefellingslag som er organisert i eit interkommunalt samarbeid. I hovudsak vil mannskap rykke ut i eige kommune, men det må kunne påreknast arbeid på tvers av kommunar når det er hensiktsmessig.
Nøkkelkvalifikasjonar:
- Årleg godkjend lisensjegar
- Erfaring frå jakt, gjerne rovdyrjakt
- God fysisk form
- Gode samarbeidsevner, må ha evne til å utføre oppdrag i samsvar med fellingsløyve og etter instruks frå fellingsleiar
- Vere ein god lagspelar
- Ubekvem arbeidstid må kunne påreknast
- Det er ein fordel å kunne bruke Garmin og Tracker hundepeilersystem, samt anna digitale verktøy i samband med utkalling og timeregistrering. Blir gjeve opplæring i dette.
Kva går oppdraget ut på:
Oppdragstakar tek på seg å inngå i mannskap for kommunalt fellingslag for store rovdyr. Oppdragstakar forplikter seg til å vere operativ for deltaking på fellinsforsøk gjennom oppdragsperioden. Oppdragstakar forplikter seg til å bidra i fellingsforsøk utover eigen kommune. Det er berre på anmodning frå oppdragsgjevar at mannskap kan iverksette oppdrag. Dersom mannskap på frivillig basis tek på seg å delta i fellingsforsøk, har ikkje oppdragsgjevar plikt til å godtgjere dette eller stå ansvarleg for deltaking.
Oppdragstakar må rekne med å jobbe sjølvstendig, men alle oppdrag skal koordinerast gjennom leiar eller nestleiar av laget. Det er leiar eller nestleiar som skal halde kontakt med oppdragsgjevar og Statsforvalteren.
Stadfesting:
Oppdragstakar forpliktar seg til følgjande:
- Delta på pliktige møter og prioritere deltaking på eventuelle kurs
- Delta på fellingsoppdrag utover eigen kommune
- Deltaking frå oppdragsgjevar skal prioriterast høgt, spesielt ved ettersøk
- Følgje instruks og gjere seg kjend med informasjon utsendt frå oppdragsgjevar
- Vere registrert lisensjegar for gjeldande år og medbringe lisens under fellingsforsøk
- Løyse jegeravgift og vere registrert i Jegerregisteret 2023
- Avlegge årleg skytprøve for storviltjakt før deltaking på fellingsforsøk
- Disponere eiga jaktrifle med kaliber godkjend for storviltjakt
- Oppdragstakar skal ikkje uttale seg offentleg om forhold som gjeld fellingsforsøk. Ved spørsmål frå media skal det visast til leiar eller ein annen oppnemnd person
- Oppdragstakar har taushetsplikt i henhald til forvaltningsloven §13 a-f
Varigheit:
Oppdragsavtale gjeld frå og med 1.5.2023 til og med 31.4.2028. Oppdragsavtala gjev ikkje rett til noverande eller anna framtidig arbeid i kommunen. Avtala kan seiast opp av begge partar med ein månads varsel.
Godtgjering:
Det blir godtgjort etter medgått arbeidstid, rekna frå utreise til heimkomst. Godtgjering sesong 2023 er ikkje fastsett per i dag.
Søknadsfrist: 15. februar 2023
Søknad sendast til: postmottak@vaga.kommune.no
Skriv i søknaden kva for rolle du søkjer på. Det held med ein stuttfatta søknad.
For spørsmål kontakt Laila Nersveen e-post: laila.nersveen@vaga.kommune.no mob: 48069256.