Kommuneplanen sin samfunnsdel skal gi dei store måla og prioriteringar for korleis kommunen skal planleggje og styre. Den skal vise korleis kommunen sine eigne mål og strategiar skal gjennomførast i det kommunale arbeidet. I samfunnsdelen blir det teke viktige val for korleis lokalsamfunnet og kommunen som organisasjon skal utvikle seg. Den gir retningslinjer for korleis kommunen skal jobbe for å nå desse måla, både i forhold til innbyggjarane og som organisasjon. Det handlar om å ta viktige val som påverkar framtida til kommunen og lokalsamfunnet.

Ein samfunnsplan bør være konkret og kort, samtidig som den skal være langsiktig. Det er derfor ikkje mogleg å ta med alt i denne planen. For Næring og reiseliv blir det utvikla årlege handlingsplanar som inneheld konkrete tiltak som skal gjennomførast for å bidra til å realisere måla i samfunnsplanen.
Det er viktig å få innspel frå innbyggjarar, næringsliv og organisasjonar i kommunen om kva samfunnsplanen bør og kan innehalde. Samfunnsplanen blir naturlegvis sendt på høyring, der det også er mogleg å gje innspel, men vi ynskjer å involvere næringsliv, reiseliv, jordbruk, kulturaktørar og frivillige organisasjonar tidleg i prosessen, slik at dei kan komme med innspel.
I denne undersøkinga er det berre kapittelet om NÆRING som er tema. Heile samfunnsdelen kan du lese her:
https://www.vaga.kommune.no/_f/p1/i605cf5ec-8dcc-43f7-8f95-ce8ea0ecb144/kommuneplan-2017-27-ny.pdf
Vi håper derfor at du kan ta deg tid til å gje oss innspel. Vi kjem også til å halde ope møte og individuelle samtalar undervegs i prosessen.
Ynskjer du å gje innspel direkte, så ta kontakt med næringssjef Live Brimi på mail live.brimi@vaga.kommune.no.
Undersøkinga finn du her: Lenke til undersøkinga