Vågå Kommune har fått 1.535.550 kroner i korona næringsfond!

Fylkesutvalet i Innlandet fylkeskommune behandla den 30.06.2020 saka om fordeling av 65.6 millionar i ekstraordinære kommunale næringsfond. Kommunane i Nord-Gudbrandsdalen fekk rundt 9,5 millionar totalt og Vågå fekk ca 1,5 millionar Det er kome ekstraordinære kriterier saman med midlane på korleis dei skal tildelast, utbetalast og rapporterast 

Frå tilsagnsbrevet: 

"• Tilskudd som omfattes av støtteordninga for gruppeunntaket kan ikke tildeles til foretak i økonomiske vansker. Fylkeskommunen har sendt inn spørsmål om hvordan dette defineres nå som svært mange bedrifter har fått krisestøtte i samband med koronatiltaka. Svar på dette formidles over sommeren.

• Kommunal- og moderniseringsdepartementet har sett som krav at midlane skal lysast ut via søknadsportalen www.regionalforvaltning.no (RF), og at alle søknadar skal sendast inn via denne portalen. 

• Tilskot skal løyvast i tråd med «Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet»

 

Kriterier og vilkår

Midlane skal nyttast til bedriftsretta støtte og til andre næringsretta tiltak som kommunane meiner er viktige for å motverke negative verknader av kornavirus utbrotet. Betydinga for arbeidsplassar, verdiskaping og økonomisk aktivitet skal vektleggjast.  

I vurderinga av søknadene om tilskot skal det leggas særlig vekt på: 

  • I kor stor grad tiltaket fremmer auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar
  • I kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak antakas å motverke negative verkingar av Covid 19 utbrotet
  • Kor raskt tiltaket kan settast i gang.

Vilkår for tildeling: 

  • Tilskotet kan ikkje nyttast til å dekke administrasjonskostnadar ved forvaltningen av midlane.
  • Prosentsatsen for tilskot skal som hovudregel ikkje overstige 50%, men det kan være mulig å tildele inntil 75%. Det er ikkje tillat å tildele midlar for å dekke drift.
  • Støtten til bedrifter må vere i tråd med regelverket om offentleg støtte (bagatellmessig støtte og inn under det «alminnelege gruppeunntaket») 

Det kan gis tilskot til bedrifter, etablerarar og andre næringsaktørar. Med næringsaktør menes en aktør som tilrettelegger for og/eller gir støtte til næringsutvikling. Kommunane kan unntaksvis tildele midlar til egne tiltak som oppfyller formålet.  

Søknadsprosess:

  • Søknadsskjema ligg på http://www.regionalforvaltning.no
  • Det er ønskelig at alle tek kontakt med næringskoordinator i forkant av innsending av søknad
  • Politisk behandling i formannskap

Søknadsfristar

  • 7 september – behandlast i formannskapet den 22 september
  • 26 oktober – behandlast i formannskap den 10 november

  

Kontakt

Live Brimi
Næringssjef
Mobil 990 28 322