Ukrainske flyktningar til Vågå

Vågå kommune takkar for frammøte og positive innspel under informasjonsmøtet tysdag, der mange tok til orde for å hjelpe på ulike vis.

Ut frå den enorme flyktningestraumen frå Ukraina, vil Vågå i fyrste omgang ta imot 45 personar, hovudsakleg familie og einsleg vaksne.

Dei som kjem til Norge frå Ukraina har kollektivt vern i eitt år, og dei blir tildelt D-nummer ved ankomst, som sikrar dei like rettar som øvrige innbyggarar i landet. Dette gjeld barnehage, skule, helsehjelp mv. Det er og eit mål at dei skal ut i normal aktivitet så snart som råd.

Ønskjer du å bistå, kan du melde frå til Vågå kommune v. servicetorget, så vil vi halde oversikt ut frå kva det til ei kvar tid vil vere behov for.

Du kan og melde deg som friviljug via skjemaet lenger ned

Ledig husvære

Meld frå om du har ledig husvære

Dei som melder inn ledig husvære, vil etter kvart få besøk av representant for teknisk sektor, NAV og flyktningetenesta. 

 

Førebels er det ikkje oppretta noko mottak for klede eller utstyr, men dette vil bli annonsert om/når behovet oppstår.

Vi vil oppdatere med ytterlegare informasjon etter kvart, og vi vil også kunne nytte ulike informasjonskanalar ut frå situasjon og kva som blir mest hensiktsmessig.