Trygt hjem etter 1. april 2025

Frå 1. april 2025 gjeld desse retningslinene:

Trygt hjem er ei taxi-ordning til ungdom mellom 15 og 21 år i Innlandet fylke. Tilbudet gjeld natt til laurdag og sundag gjennom heile året.

Trygt hjem – kort fortalt

  • Kr 100,- per person
    (kr 150,- på bestemte heilagdagar)
  • Du må bestille før kl. 16.00 siste kvardag før turen. 
  • Du kan berre reise innanfor din region.
  • Det må vere minimum 3 passasjerar som skal heim til same område.

Meire informasjon finn de ved å gå inn på Innlandet fylkeskommune