Totalforbodet mot bål og open brenning oppheva

Totalforbodet mot bål og open brenning er frå i dag, fredag 10. august, oppheva i Vågå, Lom og Skjåk.

Vi vil minne om det generelle bålforbodet som gjeld i Norge i tidsrommet 15. april - 15. september. Dette inneber at det framleis er forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog eller anna utmark. 

Du kan tenne bål på tilrettelagte bålplassar eller stader der det opplagt ikkje er brannfare, men hugs at det er du som tenner bål eller brukar grill, som også er ansvarleg for at det ikkje oppstår brann. 

Gardbrukarar som ønskjer å brenne kvist og reint trevirke kan gjere det på innmark, men må melde frå om brenninga til Alarmsentral Brann Innlandet på tlf 61 14 80 00, samt til brannvakta i Vågå på tlf 99 48 75 70.

Vi takkar for at det er vist stor forståing for forbodet denne sommaren, noko som har medført at vi har unngått store skogbrannar.