Tilbod om frisklivssamling 2. november kl. 14.00

.

ØNSKJER DU EI BETRE HELSE VED MELLOM ANNA Å GÅ NED I VEKT? 

Folkehelsekoordinator og kosthald- og treningsveileder Mona Sveen i Vågå kommune vil i samarbeid med Vågå helsesenter gje tilbod om FRISKLIVSSAMLING torsdag 2. november kl. 14.00-15.00. Vi ser på faktorar som spelar inn på helsa vår: mat og kosthald, fysisk aktivitet, stress, søvn, skjermbruk med meir.                                                                                      

Stad: formannskapssalen på Vågå kommunehus (3. etasje)

Utover hausten vil det bli gjeve tilbod om fysisk aktivitet, etter ønskje frå deg som deltek på samlinga.

Interessert?

Sei frå i resepsjonen på helsesenteret eller til legen din, eller send ei melding til Mona på tlf.nr 99 69 38 18, epost: mona.sveen@vaga.kommune.no

Velkomen!

Kontakt

Mona Sveen
Folkehelsekoordinator
Mobil 996 93 818