Statsforvalteren har teke over forvaltningsansvaret for sju naturreservat i Vågå kommune

Miljødirektoratet har i vedtak 29.10.2024 delegert forvaltningsansvaret frå Vågå kommune til Statsforvalteren i Innlandet for følgjande naturreservat:

  • Vistehorten naturreservat
  • Sandehorten naturreservat
  • Blessumkalvkveen naturreservat
  • Stuttgonglie naturreservat
  • Ridderspranget naturreservat
  • Baklie naturreservat
  • Veogjelet naturreservat

 

Alle spørsmål kring naturreservata skal stilast til Statsforvalteren i Innlandet. Det kan til dømes vere søknader om dispensasjon eller søknader om motorferdsel i utmark.

Informasjonsbrev til grunneigarar frå Statsforvalteren (PDF, 83 kB)