Står du i manntallet?

For å kunne røyste ved kommunestyre- og fylkestingsvalet må du stå i manntalet.
Du kan undersøke om du står i manntalet i kommunen der du bur, når det blir lagt ut til ettersyn. Manntalet er lagt ut til ettersyn frå ca 12. juli på desse stadene:

  • Vågå kommunehus
  • Coop Marked Lalm
  • Vågå Bibliotek

Dersom du har flytta til ein annan kommune og folkeregisteret ikkje har fått melding om flytting innan
30. juni, står du framleis i manntalet i kommunen du flytta frå. Då kan du anten røyste på førehand eller du
kan røyste på valdagen i kommunen der du står i manntalet.

Dersom du får valkort står du i manntalet. På valkortet står det i kva kommune du er manntalsført,
kva krets du høyrer til og kva opningstider kretsen har. Dersom du ikkje har fått valkort innan 10. august
bør du ta kontakt med kommunen for å sjekke at du står i manntalet. Hugs å ta vare på kortet og ta det
gjerne med deg når du skal røyste.

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalet eller du meiner det er andre feil i listene, kan du klage.
Klagen skal vere skriftleg og grunngjeve. Send klagen til valstyret i kommunen. 

Adresse: Valstyret i Vågå, Edv. Stormsveg 2, 2680 Vågå - eller pr epost til postmottak@vaga.kommune.no