Spørsmål om fakturering av kommunale avgifter og eigedomskatt

Det er mange spørsmål om fakturering av kommunale avgifter og eigedomsskatt. Her finn du informasjon om korleis faktureringa blir gjennomført.

Med bakgrunn i retaksering, vil det for året 2020 bli sendt ut faktura for eigedomskatt adskilt frå dei andre kommunale avgiftene. Fakturaforløpet vil vere som følgjer:

Kommunale avgifter

Fakturert med 12 like terminer, der 1. termin har forfall 20.2.20. Unnatak er hytterenovasjon, som er fakturert i sin heilheit med forfall 20.2.2020. Desse mottek faktura for heile beløpet med forfall 20.2.20. Eigedomar med installert vassmålar vil få avrekning på 1. termin.

Det vil og bli sendt ut eigen faktura for feiing- og tilsyn av fritidsbustader hausten 2020.

Eigedomskatt

Eigedomskatten blir fakturert på 4 terminar, jamfør kommunestyrevedtak 69/19. Fakturaene vil ha følgjande forfall:

  • 1. kvartal - forfall 20. mai
  • 2. kvartal - forfall 20. juli
  • 3. kvartal - forfall 20. september
  • 4. kvartal - forfall 20. november

Terminane vil vere identiske, så framt eigedomen ikkje har vore gjenstand for klagehandsaming eller endra verdi frå Skatteetaten.

Eksempel:

Eigedom med 12.000,- i årlege kommunale avgifter, og 4.000,- i årleg eigedomsskatt. For 2020 vil eigedomen få tilsendt totalt 16 fakturaer med følgjande forfallsdatoar:

Eksempel kommunal fakturering
Forfallsdato Kommunal avgift Eigedomskatt
20.2.2020 1.000,-
20.3.2020 1.000,-
20.4.2020 1.000,-
20.5.2020 1.000,- 1.000,-
20.6.2020 1.000,-
20.7.2020 1.000,- 1.000,-
20.8.2020 1.000,-
20.9.2020 1.000,- 1.000,-
20.10.2020 1.000,-
20.11.2020 1.000,- 1.000,-
20.12.2020 1.000,-
20.1.2021 1.000,-
Totalt 12.000,- 4.000,-