Søkje barnehageplass 2024-2025

Lenke til søknadsskjema

Vågå kommune har to kommunale barnehagar og ein privat barnehage         

  • Lalm barnehage: 3 avdelingar (1 småbarnsavdeling), ope 5 dagar i veka, 0-6 år
  • Søre Grindstugu barnehage: 5 avdelingar inndelt etter alder, ope 5 dagar i veka, 0-6 år
  • Tytingen gards- og naturbarnehage (privat): 2 avdelingar, ope 5 dagar i veka, 0-6 år

 

Barn som allereie går i ein barnehage i Vågå, treng ikkje søkje på nytt, berre om ein vil endre plasstype eller barnehage.

Søknadsfrist 1. mars

Ved ledig kapasitet, kan det bli plass etter nyttår.  For barn som ønskjer oppstart etter nyttår 2025, må det søkjast om plass innan 15. september 2024.

Retten til barnehageplass gjeld for barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av november det året det blir søkt om barnehageplass.

Opptakskriterium:

  1.  
    1. Barn med nedsett funksjonsevne etter sakkunnig uttale, jf Barnehageloven §18
    2. Barn med vedtak etter lov om barneverntenester §§ 4-4 og 4-12, 2. og 4. ledd
  2. Minoritetsspråklege
  3. Sysken i same barnehage
  4. Alder
  5. Barn som ønskjer overføring til andre barnehagar