Vågå kommune har to kommunale barnehagar og ein privat barnehage.
Lalm barnehage
3 avdelingar (1 småbarnsavdeling), ope 5 dagar i veka, 0-6 år
Søre Grindstugu barnehage
5 avdelingar inndelt etter alder (1 småbarnsavdeling), ope 5 dagar i veka, 0-6 år
Tytingen gards- og naturbarnehage (privat)
2 avdelingar, ope 5 dagar i veka, 0-6 år
Barn som alt går i ein barnehage i Vågå treng ikkje søkje på nytt, berre om ein vil endre plasstype eller barnehage.
Retten til barnehageplass gjeld for barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av november det året det blir søkt om barnehageplass.
Opptakskriterier, vedteke av HOKO i desember 2022:
1. a) Barn med nedsett funksjonsevne etter sakkunnig uttale, jf. Barnehageloven § 18
b) Barn med vedtak etter lov om barneverntenester §§ 4-4 og 4-12, 2. og 4. ledd
2. Minoritetsspråklege
3. Sysken i same barnehage
4. Alder
5. Barn som ønskjer overføring til andre barnehagar