Samarbeidsavtale med Lemonsjø Alpinsenter

Vågå kommune har inngått avtale med Lemonsjø Alpinsenter/Jotunheimen AktivIt AS. Denne avtala har som målsetjing å tilby elevane i 1. - 7. trinn ved Lalm Skule og Vågåmo Skule eit alpint tilbod ved Lemonsjøen Alpinsenter. Målet er at tilbodet skal føre til betre fysisk fostring og eit utvida fritidstilbod for elevane.

Kvar elev får tilbod om:

  • Inntil 5 gratis dagskort i skiheisen per sesong, inkludert gratis leige av skiutstyr
  • To timar skiinstruksjon for innføring i grunnleggjande skiteknikk
  • Gratis transport t/r frå Vågåmo til Lemonsjøen Skiheis, måndag-fredag i veke 9
  • Kr 500,- i rabatt på sesongkort

Lemonsjø Alpinsenter opnar sesongen laurdag 16.desember og forholda er flotte!

Kontakt

Jørgen Vole
Ungdomskonsulent
Mobil 917 99 894