Salt & fyrstikker 2019

Salt og Fyrstikker 2019

Turen er ein  «overlevelsestur» der vi skal greie oss utan medbrakt mat i 24 timer. Maten vi kan fylle mågån med lyt vi finne sjølve.

Alle lyt vera med å fiske, plukke bær og sanke ved. Saltet bruker vi i fisken og fyrstikkene til å tenne bålet. Dette er basisen for trivselen forutan varme klede.  Det blir eit spesielt døgn, der svolten kan gjera noko med humøret ditt. Det er også slik at ein lettare frys når svolten kjem.

Elevane går saman om å ta med telt. Det bør finnast eit kokekar eller steikjepanne i kvart telt. Stormkjøken er supert. Elles er bør du ha med i sekken:

-Ullundertøy

-Tjukke varme klede

- Varmaste soveposen i huset

-Tjukt liggjeunderlag(gjerne to tynne)

-Ekstra skift med ullundertøy og strømper/labber(etterstreb å bruke ull).

-Ekstra lue og votter

-Fiskeutstyr. Vi tek fisk på både sluk, spinnar og mark her. Sikrast er det å bruke mark og lette søkke/dupp.

-Lommelykt

-Tørre ulllabber å sove i

-Kar eller pose å samle fisk og bær i, og gjerne bærplukkar

-Litt salt og fyrstikker(lov med ein liten smørkladd og J )

-Regnklede er lurt om ikkje jakka og buksa di er vasstette

Når du kjem skal du ha på:

- Vindtett bukse og  jakke som tåler røff bruk(hugs at vi blir sittande ein del ved bålet, ei glo kan fort ta hol på den dyraste Gore-tex’en)

-Vasstette sko/støvler. Gjerne  fjellsko om dei er impregnerte

-Lue og votter

Ta elles med det du finn nødvendig for å behalde humøret. Kortstokk eller eit anna spel er bra J

Oppmøte kl 12 laurdag-henting same stad kl 12 sundag

 

 

Når du kjem skal du levere denne lappen ferdig utfylt til meg:

 

-------------------------------------- får lov å vera med på Salt & Fyrstikker. Eg har lese informasjon på andre sida å veit kva turen går ut på.

 

 

---------------------                                 -------------------------

Dato/stad                                 Underskrift føresette

 

 

--------------------------------    

Telefonnummer

Eg ynskjer at vaksne som blir med skriv meg ein sms om det fredag på tlf 91799894. Eg er meget takknemleg  for alle vaksne som kan vera med på turen-desse er eg avhengig av J

Jørgen