Røykvarslarens dag 1. desember

Brannvesen i Oppland rykka ut til 38 bustadbranner mellom kl 23 og 07 i fjor. Det blir et gjennomsnitt på over tre nattbrannar kvar einaste månad heile året igjennom, berre i vårt fylke. No ber brannsjefen om at alle sjekkar røykvarslaren ved inngangen til det som er den mest brannutsette månaden i året.

Når det brenn er kvart sekund viktig. For å redde seg ut av ein bustad som fylles raskt opp av røyk, så er det avgjerande med tidleg varsling for å redde seg sjølv og dei andre i bustaden.

Bytt batteri i røykvarslaren

Alle bustadar skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst ein varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka. 

Ein fungerande røykvarslar er vaken og følgjer med, også når du søv. Sørg for å gå brannsesongen i møte med nye batteri, og kontroller at du høyrer varslaren godt. 

Desember og januar mest brannfarleg

Desember og januar er årets mest hektiske månader for brannvesen i Norge. 

Vi er meir innomhus, fyrar i peisen, lager feit mat på komfyren, tenner levande ljos og det blir og brukt meir alkohol. Denne kombinasjonen auker faren for at noko kan skje.

Info-stand ved Coop Mega 2. desember

Måndag 2. desember treff du oss utanfor Coop Mega i Vågåmo, seier brannsjef Bjørn Tore Aspen. Der står vi saman med lokalt el-tilsyn og informerer om branntryggleik, slik at alle kan gå ei trygg juletid i møte.