Robot-kattar på Vågåheimen

Vågå demensforeining ga nyleg to robotkattar til skjerma avdeling på Vågåheimen. 

Robotkatt på Vågåheimen - Klikk for stort bildeRobotkatt Vågåheimen Fjuken

Bruk av dyr som velferds- og terapitiltak er velkjend, og med robotar så unngår ein dei utfordringane som kan følgje med i form av allergi, redsel for dyr og krav til hygiene. Kattane framstår svært naturtro av utsjånad og bevegelser, og har innebygde sensorar som reagerer på handtering, seier Marianne Rosten, avdelingaleiar på Vågåheimen.

Studier viser at dyreterapi kan medføre både betre søvnkvalitet og mindre behov for medisinering.

Kattane vart svært positivt mottek av bebuarane på Vågåheimen.