Prosjektet har som mål å få gjort grundige undersøkingar av elgkalvar som blir funne alvorleg sjuke og avliva, eller blir funne nyhleg daude. Prosjektet er eit samarbeid mellom Veterinærinstituttet, Agder, Telemark, Vestfold, Buskerud, Østfold, Innlandet og Trøndelag fylkeskommunar, Froland kommune og Norges jeger- og fiskerforbund.
Det er etablert eit nettverk av feltkontaktar i desse fylkane. Når desse blir kontakta om observerte elgkalvar, har dei moglegheit til å dra ut og undersøkje dyret, og om det er fornuftig, vil dei kløyre elgkalv-kadaveret inn til Veterinærinstituttet til obduksjon og prøvetaking. Dei har også moglegheit til sjølve å gjere undersøkingar og ta ut prøver.
Kva kan du gjere?
Kjem du over ein sjuk elgkalv skal du ta kontakt med den lokale viltforvaltninga gjennom Politiet på tlf 02800. Den lokale viltforvaltninga kan da vurdere om Trampe-kontaktane skal involverast. Finn du ein nyleg daud elgkalv, kan du sjølv ringe ein av Trampe-kontaktane i nærområdet. Meir informasjon om prosjektet og ei liste over Trampe-kontaktar ligg på prosjektnettsidene.
Logo Prosjektet Elgkalven Trampe
Veterinærinstituttet