Periodevis stenging av Rv 15 frå torsdag kveld

Grunna arbeid med forsterking før asfaltering, blir det periodevis stenging av Rv 15 på strekningar sør og nord for Lalm frå torsdag 3. oktober kl 19.00 til fredag 4. oktober kl 6.00.

Dette melder Statens vegvesen.

Dei periodevise stengingane blir på inntil to timar. 

Ekspressbussar og utrykningskøyrety slepp gjennom. Det blir og mogleg for køyring til eigedomane som ligg innafor dei avsperra områda.

For andre er det aktuell omkøyringsveg via Vågåruste (Fv 2620), og for lette køyrety vil det og vere mogleg å nytte omkøyringa via Sjårdalen (Fv 2616).