Pålegg/informasjon om rydding av vegetasjon langs offentleg veg og avkøyringar i Vågå kommune

Om du eig eller disponerer ein eigedom med avkøyrsel til veg eller gang- og sykkelsti, har du ansvar for å sørge for fri sikt ved din avkøyrsel og mot vegkryss.

Det er eit aukande problem med manglande beskjering og rydding av vegetasjon langs kommunale vegar. Dette skapar farlege situasjonar og er til hinder for trafikk og vedlikehald.

God sikt er eit rimeleg og enkelt verkemiddel for å oppnå betre trafikktryggleik.

Under er eit samandrag av dei lovheimlane vi legg til grunn for eit pålegg. Denne informasjonen finn du også på Statens vegvesen sine nettsider. Vi vil samstundes legge vekt på eit positivt samarbeid, og eit fornuftig skjønn utan at ein set tryggleiken til side. 

Med heimel som vist nedanfor, gjev kommunen med dette varsel om at tre og greiner som veks innover vegen eller frisiktsoner må fjernast. 

Om grunneigar ikkje er i stand til å gjere arbeidet sjølv, kan kommunen hjelpe mot økonomisk kompensasjon.

Vegen sitt eigedomsområde inkluderer også grøfter og eventuelle fyllingar og skjeringar.

Veglova §31 med føresegner:

Etter Veglova §31 med føresegner og lokale retningsliner, har eigar/brukar av avkøyringa plikt til å halde avkøyringa, medrekna frisiktsoner, rydda for vegetasjon og andre sikthindringar.

Om avkøyringa di munnar ut i bilveg

Høgde på hekk og gjerde må ikkje overstige 50 cm over gateplan. Hekk og gjerde kan også flyttast utanfor frisiktsona, som vist på bilete under (merka med raud, stipla strek). Det må vere 4 meter fri sikt i akøyrsel. Det inneber at når du står 4 meter inn i avkøyringa di, skal du kunne sjå bilvegen i kvar retning, eit gitt antall meter ut frå aktuell fartsgrense (sjå bilete).

 

Teikning over frisiktsoner og vegetasjon på eigen eigedom - Klikk for stort bildeFrisiktsone Statens vegvesen

 

Om du har tre ut mot veg, fortau eller gang- og sykkelveg

Greiner må ikkje henge lågare enn 5 meter over vegbana. Over fortau eller gang- og sykkelveg må ikkje greinar henge lågare enn 3 meter. Eigaren av trea er ansvarleg om greiner fell ned på veg/fortau.

 

Teikning som viser krav til høgde på vegetasjon som heng over veg eller fortau - Klikk for stort bildeHøgdekrav til vegetasjon over veg eller fortau Statens vegvesen

Kontakt

Gunn Oddveig Rindhølen Sveen
Ingeniør veg, vatn, avlaup
Mobil 416 70 647