Pålegg / informasjon om rydding av vegetasjon langs offentleg veg og avkøyringar i Vågå kommune.

Det er eit aukande problem med manglande beskjering og rydding av vegetasjon langs kommunale vegar. Dette skaper faresituasjonar og er til hinder for trafikk og vedlikehald. God sikt er eit rimeleg og enkelt verkemedel for å oppnå betre trafikktryggleik.
Under er eit samandrag av dei lovheimlane vi legg til grunn for eit pålegg. Vi vil samtidig legge vekt på eit positivt samarbeid og eit fornuftig skjønn utan at ein sett tryggleiken til side.

Med heimel som vist nedanfor gjer kommunen med dette varsel om at tre og greiner som veks innover vegen eller frisiktsonar må fjernast. Dersom grunneigaren ikkje er i stand til å utføre arbeidet sjølv, kan kommunen hjelpe mot økonomisk kompensasjon.

Nabolova §12:
Tre, greiner, og røter som stikk inn på granneeigedom og er nemnande til skade eller ulempe, har grannen rett til å kutta eller skjera av etter grenselina og eigna til seg. For tre og greiner gjeld dette berre når varsel er gjeve og dei så ikkje er borttekne innan rimeleg tid.

Vegen sitt eiendomsområde inkluderer også grøfter og eventuelle fyllingar og skjeringar.

Veglova §43 m / forskrifter:
Etter veglova § 43 m/ forskrifter og lokale retningsliner har eiger / bruker av avkøyringa plikt til å halde avkøyringa, medrekna frisiktsonar, rydda for vegetasjon og andre sikthindringar.

Dersom avkøyrselen din munnar ut i bilveg.
Høgde på hekk og gjerde må ikkje overstige 50 cm over gateplan. Hekk og gjerde kan også flyttast utanfor frisiktsona, merka med raud stipla strek. Det må vere 4 meter fri sikt i avkøyrsel. Det betyr at når du står 4 meter inn i avkøyringa di skal du kunne sjå bilvegen 25, 55, 70 eller 90 meter i kvar retning, avhengig av fartsgrensa (sjå figuren nedanfor).

 

 

 

 

 

 

 

 


Dersom du har tre ut mot veg, fortau og gang- og sykkelveg
Greiner må ikkje henge lågare enn 5 meter over vegbana. Over fortau og gang- og sykkelveg må ikkje greiner henge lågare enn 3 meter. Eigaren av trea er ansvarleg dersom greiner fell ned på veg/fortau.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Vegavdeling

Vågå kommune